ER DU VÅR NYE MEDARBEIDAR?

På grunn av auka aktivitet ser vi no etter ein ny medarbeidar. Er du den vi leitar etter?

 

Arbeidsgjevar: Sunnfjord Bil AS
Stillingstittel: Delemontør

 

  • – Fordel med bakgrunn som mekanikar
  • – Punktleg og nøyaktig
  • – Ansvarsbevisst

Frist for søknad: Snarast
Varighet: Fast 100% stilling

Arbeidsoppgåver:

  •  – Demontering av bilar og bildelar.
  •  – Klargjering av delar for sending/pakking.
  •  – Erfaring som mekanikar/liknande arbeid.
  •  – Førarkort for større maskiner er ein fordel, men ikkje eit krav.
  •  – Registrering av delar på lager.
  •  – Punktlegheit.

Vi kan tilby:

  • – Konkurransedyktige lønsbetingelsar.
  • – Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
  • – Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
  • – Godt arbeidsmiljø.

Vi ser etter ein person som er:

  • – Proaktiv og løysingsorientert.
  • – Er skapande.
  • – Løysingsorientert.
  • – Sjølvstendig.
  • – Har pågangsmot.

Om arbeidsgjevaren:

Sunnfjord Bil vart etablert hausten 1976 i ei løe rett utanfor sentrum av Førde. Bilvraka låg på toppen av eit sandtak eit godt stykke unna. I 1978 vart det innførd vrakpant på utrangerte bilvrak og Sunnfjord Bil fekk konsesjon på utskriving av vrakpant. Plassen og forholda vart etter kvart for kummerlege så vi flytta til Øyrane, eit industrifelt i Førde, i 1981. Der fekk vi etterkvart eit datastyrt lager og Sunnfjord Bil vaks raskt. Sommaren 1987 vart det igjen for trongt og vi måtte flytte på ny, denne gongen til Reset, der vi endeleg fekk ei permanent tomt. Sidan den gongen har utviklinga gått raskt og vi har utvida hovudbygget to gonger og tomta ein gong. Oddvar Strømsli er gründeren. Lenge var han åleine, men i dag har han 10 tilsette under seg.

Store miljøkrav har etterkvart kome til denne bransjen, og miljøbedrifta Sunnfjord Bil har heile tida følgt opp dei krav som til ein kvar tid vert sett. Vi er opptekne av at miljøet vert teken vare på.

I 1980 vart vi tilslutta ein landsomfattande foreining for biloppsamlarar, Norges Biloppsamlers Forening (NBF), der vi enno er medlem. Vi har eit tett og godt samarbeid med dei andre medlemmene og hjelper gjerne kundar med å skaffe delar frå ein av våre kollegaer.

 

Vil du bli ein del av vårt team?
Ta kontakt med Torbjørn Strømsli på tlf: 57 82 22 77 / 971 12 046 eller e-post: torbjorn.stromsli@sunnfjordbil.no. 
SØK STILLING

We will contact you within one business day.

© Copyright 2018 design av Presense Konsult AS