Om oss

Sunnfjord Bil vart etablert hausten 1976 i ei løe rett utanfor sentrum av Førde. Bilvraka låg på toppen av eit sandtak eit godt stykke unna. I 1978 vart det innførd vrakpant på utrangerte bilvrak og Sunnfjord Bil fekk konsesjon på utskriving av vrakpant. Plassen og forholda vart etter kvart for kummerlege så vi flytta til Øyrane, eit industrifelt i Førde, i 1981. Der fekk vi etterkvart eit datastyrt lager og Sunnfjord Bil vaks raskt. Sommaren 1987 vart det igjen for trongt og vi måtte flytte på ny, denne gongen til Reset, der vi endeleg fekk ei permanent tomt. Sidan den gongen har utviklinga gått raskt og vi har utvida hovudbygget to gonger og tomta ein gong. Oddvar Strømsli er gründeren. Lenge var han åleine, men i dag har han 4 tilsette under seg.

Store miljøkrav har etterkvart kome til denne bransjen, og miljøbedrifta Sunnfjord Bil har heile tida følgt opp dei krav som til ein kvar tid vert sett. Vi er opptekne av at miljøet vert teken vare på.

I 1980 vart vi tilslutta ein landsomfattande foreining for biloppsamlarar, Norges Biloppsamlers Forening (NBF), der vi enno er medlem. Vi har eit tett og godt samarbeid med dei andre medlemmene og hjelper gjerne kundar med å skaffe delar frå ein av våre kollegaer.


Tilsette
Sunnfjord Bil har 6 tilsette. Dei gjer alt for at kundane skal få ein effektiv og sørvisretta handsaming

Magne KvingeMagne Kvinge
    
Jørgen Solheim Jørgen Solheim
jorgen.solheim@sunnfjordbil.no
    
Grzegorz Borylo Grzegorz Borylo

Grzegorz kjem frå Polen og starta arbeidd hos oss vinteren 2005. Sjølv om språket til tider kan vere vanskeleg å forstå går arbeidet unna. Grzegorz tek mykje av ansvaret for miljøbehandlinga av vraka våre.
   
Geir Bareksten
geir.bareksten@sunnfjordbil.no

Geir starta hos oss i 1984 og arbeidde her fram til 1995. Etter ein periode på Jølster Bil i nabokommunen byrja han hos oss igjen 2002. Geir er den som fiksar ”alt” når det gjeld bil. Han har ein særleg kjærleik til den amerikanske sorten.
    
Oddvar Strømsli Oddvar Strømsli
oddvar.stromsli@sunnfjordbil.no

Dette er gründeren, eller "finhøggaren" som han likar å kalle seg. Med si lange erfaring er det godt å ty til han når noko problematisk dukkar opp.
    
Torbjørn Strømsli Torbjørn Strømsli
torbjorn.stromsli@sunnfjordbil.no

Primus motor. Torbjørn gjer til at alt fungerar som det skal. Passar på at alle gjer jobben sin til rett tid. Det er mest sannsynleg at det er han du får kontakt med om du ringjer.