KVIFOR VELGE SUNNFJORD BIL AS?

Hos oss kan du søke i vår database etter akkurat den delen du treng, eller kontakte oss for bestilling av nye delar.
Vi har eigen bilverkstad og utfører alt av reparasjonar. Hos oss kan du velge mellom brukte og nye bildeler til reparasjon av din bil. 

Kombinasjonen av brukte delar og bilverkstad gjev oss ein unik moglegheit til å tilby kundane våre eit særs konkurransevinnande tilbod.

 

BILDELER

Her kan du søke på vårt lager av bildeler. Dersom du ikkje finn delen hos oss, kan det godt hende vi har delen udemontert på ein bil ute på oppsamlingsplassen. Send ein førespurnad på e-post, eller ring og snakk med ein av våre ekspeditørar som vil hjelpe deg med veiledning og timebestilling.

BILVERKSTED

Sunnfjord Bil AS er kjend for god kvalitet og service. Hos oss kan du vere trygg på at bilen din får hjelp av tilsette som har lang erfaring med bil.  Vår biloppsamling gir oss ein unik moglegheit til å kunne gje deg ekstra gode prisar på reparasjonar ved bruk av brukte bildeler.

 

OPPHUGGING / VRAK

Vrakpanten er på kr 3000,-. Panten betalast ut av Toll og Avgiftsdirektoratet, og beløpet utbetalast til deg per konto eller giro, utbetalingstid ca 2 veker etter bilen er levert til oss. Vi kan tilby 2500,- kontant mot vrakpant om du treng pengar på dagen. Ta kontakt.

 

INNKOMNE BILAR

Sjå ei oversikt over våre innkomne bilar til hogging. Hos oss får du råd og veiledning til valg av brukte bildeler. Du kan sjølv inspisere bilar og finne egna delar til ditt behov. Gjenbruk av delar gir oss også eit særs konkurransedyktig tilbod på reparasjonar utført hos oss.

BILDELER TIL ALLE MERKER

Vi har brukte bildeler og tilbehør frå eit rikt utval av innkomne bilar til hogging.

  • Toyota
  • Land Rover
  • Lexus
  • Honda
  • Mazda
  • Mercedes – Benz
  • BMW
  • Mitsubishi
  • Nissan
  • Renault
  • Audi
  • Volkswagen
  • Rover
  • Saab
  • Med fleire

SUNNFJORD BIL - TENESTER

Sunnfjord Bil tilbyr mekaniske bildelar til dine reparasjonar såvel som karosserimessige tips og råd. Kombinasjonen av brukte delar og bilverkstad gjev oss ein unik moglegheit til å tilby kundane våre eit særs konkurransevinnande tilbod.

STORT UTVALG - GODE RÅD

Vi kan gi deg råd og rettleiing på dei aller fleste områder.
Vi hjelper deg også med råd og rettleiing når du skal gjere ditt valg i våre brukte bildeler.
Har du eit gammalt bilvrak kan du også levere dette til oss.

OPPHUGGING

Store miljøkrav har etterkvart kome til denne bransjen, og miljøbedrifta Sunnfjord Bil har heile tida følgt opp dei krav som til ein kvar tid vert sett.

DIAGNOSE

Vi kan tilby deg som kunde ei full diagnose for din bil.  Send ein førespurnad på e-post, eller ring og snakk med ein av våre ekspeditørar for rettleiing og hjelp.

BILDELER

Med jamn tilgang på nye bilar og delar har vi til alle tider eit oppdatert varelager av bildelar til eit stort mangfold av biltypar- og merker.

  • Dekkskifte

    Dekkskifte

  • Oljeskift

    Oljeskift

  • Service

    Service

  • Bremser

    Bremser

PÅ JAKT ETTER BRUKTE DELAR?SJÅ INNKOMNE BILAR

VÅR HISTORIE

Sunnfjord Bil vart etablert hausten 1976 i ei løe rett utanfor sentrum av Førde. Bilvraka låg på toppen av eit sandtak eit godt stykke unna. I 1978 vart det innførd vrakpant på utrangerte bilvrak og Sunnfjord Bil fekk konsesjon på utskriving av vrakpant. Plassen og forholda vart etter kvart for kummerlege så vi flytta til Øyrane, eit industrifelt i Førde, i 1981. Der fekk vi etterkvart eit datastyrt lager og Sunnfjord Bil vaks raskt. Sommaren 1987 vart det igjen for trongt og vi måtte flytte på ny, denne gongen til Reset, der vi endeleg fekk ei permanent tomt. Sidan den gongen har utviklinga gått raskt og vi har utvida hovudbygget to gonger og tomta ein gong. Oddvar Strømsli er gründeren. Lenge var han åleine, men i dag har han 10 tilsette under seg.

Store miljøkrav har etterkvart kome til denne bransjen, og miljøbedrifta Sunnfjord Bil har heile tida følgt opp dei krav som til ein kvar tid vert sett. Vi er opptekne av at miljøet vert teken vare på.

I 1980 vart vi tilslutta ein landsomfattande foreining for biloppsamlarar, Norges Biloppsamlers Forening (NBF), der vi enno er medlem. Vi har eit tett og godt samarbeid med dei andre medlemmene og hjelper gjerne kundar med å skaffe delar frå ein av våre kollegaer.

POPULÆRE SPØRSMÅL

  • Er alle reparasjonar med brukte delar?

    Nei. Du kan som kunde sjølv velge om du vil ha nye bildelar, eller om du kan spare både pengar og miljø ved å benytte brukte bildelar.

  • Leigebil medan bilen er på verkstaden?

    Hos oss for du kanskje fylkets billigaste leigebil i perioda du har bilen på verkstaden, til 50 kroner pr. dag. Kontakt oss idag for meir informasjon.

  • Tek de enkle verkstedstenester?

    Hos oss tek vi alle oppdrag tilknytta bilen. Vi utfører alt i frå enkle olje- og dekkskift til avanserte mekaniske utskiftingar og reparasjonar.

© Copyright 2018 design av Presense Konsult AS